Kunsthåndverk 09 -30.jpg
Karina N. Presttun: «Blomst og Blekenberg», 2009. Foto fra utstillingen: Nasjonalmuseet / Anne Hansteen Jarre

UTSTILLINGA09 kunsthandverk

13. september 2009–13. desember 2009

Kunstindustrimuseet

Norske Kunsthåndverkere si juryerte årsutstilling presenterer norsk kunsthandverk anno 2009. Til årets utstilling har det vore fri innsending innan alle materialgrupper, og fleire kunstnarar har søkt om deltaking enn nokon gong tidlegare. Gjennom overraskande uttrykksformer og sjølvstendige tilnærmingsmåtar innbyr kunstverka til refleksjon. Dei viser med sanseleg kraft kunsthandverkets aktualitet og naturlege plass på kunstarenaen.

Det at ”UTSTILLINGA09 kunsthandverk” viser glas, keramikk, tekstil, tre, metall og konseptuelle arbeid i same utstilling opnar for ein brei presentasjon av heile kunsthandverksfeltet. I alt 354 kunstnarar søkte om deltaking i årets utstilling, med til saman 1176 kunstverk. Utstillinga viser 77 verk av 46 kunstnearar. Juryen har bestått av: Inger Helene Stemshaug (Nasjonalmuseet), Markus Degerman (Nordisk Kunstnarsenter) og kunsthandverkarane Camilla Luihn, Maria Rodrigues og Jørgen Moe. Gitte Magnus, også frå Norske Kunsthåndverkere, har vore juryens leiar.

I høve opninga av utstillinga vart Kunsthåndverksprisen 2009 (fra BKH på kr 100.000) tildelt Tanja Sæter for verket Evolving. Fire verk på utstillinga er blitt kjøpt inn til offentlege samlingar av Innkjøpsfondet for norsk kunsthåndverk:

· Margrethe Loe Elde "Ragdolls for my daughter", 2008/2009 (Vestlandske kunstindustrimuseum)

· Kristine Fornes "Forår i sigte", 2009 (Vestlandske kunstindustrimuseum)

· Tove Lise Røkke Olsen "Beautybag" (violett), 2009 (Vestlandske kunstindustrimuseum)

· Karina N. Presttun "Blomst og Blekenberg", 2009 (Nasjonalmuseet)

Kunsthandverkets kritiske potensial finst i relasjonen til kvardagen og det levde livet, med materialet som felles omdreiingspunkt. Kunsthandverk har ein unik posisjon innan kunstfeltet på grunn av sin nærleik til kvardagens bruksgjenstandar. Det eksisterer dermed i ein naturlig sosial samanheng og kommuniserer ved hjelp av ein relasjonell ekspressivitet. Konseptuelt kunsthandverk inneber ein refleksjon over kunsthandverkets materielle utgangspunkt.

Kunstnarane si grunnleggande og likeframme undersøking av materialet blir utgangspunkt for kunstnarisk utvikling, noko som kjem til uttrykk gjennom eksperimentering med materiale og teknikkar, og ved gjenbruk og bearbeiding av allereie eksisterande materiale og objekt – då gjerne masseproduserte. Dette betyr ikkje at handverk og konsept står i eit motsetjingsforhold til kvarandre, men snarare tvert om: Kunstnarane får rom for nyskaping og nye kunstneriske uttrykk; og publikum får mulegheit til å reflektere over kvardagen og røyndomen på nye måtar.