vær så god sitt-26.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Anne Hansteen Jarre

Ver så god, sitt. Levande norsk møbeldesign

28. mai 2010–29. august 2010

Kunstindustrimuseet

Norsk møbeldesign er i rivande utvikling og har fått auka merksemd nasjonalt og internasjonalt. Klassikarar frå etterkrigstida er igjen komne i produksjon, og unge designarar utviklar spennande produkt for framtida.

Utstillinga viser ca. 100 sitjemøblar. Ho famnar både det som er utvikla av framifrå produkt dei siste åra, moderne klassikarar som framleis er like aktuelle og design som foreløpig berre eksisterer som prototypar. Korleis sitjemøblane inngår i livsutfalding og nye sosiale mønster i dagens samfunn er ein viktig del av utstillinga. Sitjeaspektet står sentralt, og ein kan prøvesitje alle møblane. Utstillinga er produsert av Kunstmuseene i Bergen / Vestlandske Kunstindustrimuseum og Avdeling for design, Kunsthøgskolen i Bergen.