Å snakke om maleri-12.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Å snakke om måleri

7. juli 2007–9. september 2007

Museet for samtidskunst

Med inntoget av fotografi, video, installasjon og performancekunst dei siste tiåra, er måleriet blitt marginalisert og til og med erklært dødt. Kvifor har måleriet vore sentralt i kunsthistoria, og kvifor er det framleis sett på som eit vitalt medium for ein ny generasjon målarar?

Utstillinga presenterer eit utval måleri og ein serie korte filmar som opnar for dialog kring eldre og nyare måleri. Museets kuratorar drøftar verka i utstillinga, og publikum blir invitert til eit møte med dette ein gong så populære medium, og til å oppdage ny informasjon om måleria i museets samling.

Kurator for utstillinga er Gavin Jantjes.