Aase Texmon Rygh. Modernisme for alltid!

7. mars 2014–28. september 2014

Museet for samtidskunst

Nasjonalmuseet viser for første gong ei separatutstilling med Aase Texmon Rygh (f. 1925), ein av dei viktigaste pionerane innan moderne norsk skulptur.

Texmon Rygh fann tidleg sin kunstnariske visjon og har halde fast ved denne heile vegen. Ho har med eit uvanleg stort pågangsmot arbeidd fram eit forenkla abstrahert formspråk i ei tid der den naturalistiske skulpturen framleis stod sterkt i Noreg. Uttrykket hennar har meir til felles med eit internasjonalt modernistisk uttrykk enn det norske.

Utdanninga frå akademiet i København på slutten av 1940-talet, og ein tur til Paris i 1950, vart viktig for vegen vidare. I Danmark hadde ein allereie utvikla skulpturen i same retning som måleriet, gjennom abstraksjon og forenkling. I Paris fekk ho oppleve den europeiske modernismen, men kanskje vel så viktig forenkla skulptur frå oldtida i Louvre.

Texmon Rygh er særleg kjend for sine Møbius-skulpturar, ein serie arbeid med eit sterkt forenkla og fortetta uttrykk basert på den matematiske møbiusforma. Dette formprinsippet kom ho fram til etter ei årrekke med eksperimentering innan ein smal motivkrets. For Texmon Rygh gjeld prinsippet om at lite er meir. Ingenting blir overlate til tilfeldigheitene, og alt blir gjort i samsvar med eigenskapane til materialet.

Kunstnarens nasjonale og internasjonale anerkjenning har dei siste åra auka mykje. I 2001 vart ho utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden, og i 2012 var ho representert ved den leiande kunstmønstringa dOCUMENTA i Kassel.

Utstillinga viser breidda i produksjonen til Aase Texmon Rygh, med skulpturar frå 1950-talet fram til i dag. Skisser, modellar og anna dokumentasjonsmateriale frå det lange kunstnarlivet hennar er med på å fortelje historien til ein av Noregs første modernistar.

Kurator for utstillinga er Randi Godø.

 

Aase Texmon Rygh har laga ei rekke offentlege utsmykkingar i Noreg. Det er laga ei oversikt med informasjon og bilder av desse:

Kart over offentlege utsmykkingar

 

Sted: Museet for samtidskunst

Adresse: Bankplassen 4