Allora & Calzadilla-04.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Allora & Calzadilla

15. oktober 2009–3. januar 2010

Museet for samtidskunst

Verka til det amerikansk-cubanske kunstnarparet Jennifer Allora (f. 1974) og Guillermo Calzadilla (f. 1971) har eigenarta aspekt. Dei viser ein bisarr humor som grensar mot det absurde, i kombinasjon med eit sosialt og politisk fundament. Slåande er også det rike registeret, både i det materielle og det performative uttrykket.

Spekteret i kunstnarparets teknikkar strekker seg frå performance til komplekse teknologiske installasjonar og omfattar også fotografi, video, film, skulptur og tresnitt.

Utstillinga er den første separatutstillinga med Allora & Calzadillas kunst i Norden. Hovudverket er den monumentale installasjonen "Sediments, Sentiments (Figures of Speech)", 2007, som også inkluderer performance. Utstillinga viser også deira nyaste filmarbeid "How to Appear Invisible", 2009, som viser rivinga av Palast der Rebublik i Berlin og "A Man Screaming is Not a Dancing Bear", 2008, med opptak frå dagens New Orleans etter orkanen Katrina 29. august 2005.

Som klangbunn for arbeida ligg ei solid historisk forsking, ein arkivalie som i verka blir syntetisert til stringente konseptuelle strategiar der dei retter kritiske spørsmål om global utvikling og militærmakt.

Kurator for utstillinga er Eva Klerck Gange.