MS-02397-1991_001_.jpg
Michelangelo Pistoletto, «Image and Body». Foto: Nasjonalmuseet / Morten Thorkildsen

Arte Povera ++

10. januar 2004–28. mars 2004

Museet for samtidskunst

Utstillinga presenterer verk frå museets store samling knytt til ei gruppe italienske kunstnarar som rundt 1960-talet tok i bruk enkle, anti-estetiske materiale som metall, glas, tre, stein og stoff i kunstverka sine. I tillegg blir det vist eit verk av Per Barclay, som i mange år har arbeidd i Italia, og museet sine arbeid av den italienske transavantgardisten Mimmo Paladino.

Omegrepet Arte Povera vart introdusert av den italienske kunstkritikaren Germano Celant i 1967, i tilknyting til ei utstilling med verk av unge kunstnarar frå Torino, Milano, Genova og Roma. Arbeida deira var ein reaksjon på den tradisjonelle kunsten, og del av protestrørsla rundt 1968. Arte Povera-kunstnarane brydde seg lite om formelle avgrensingar. Kunsten deira vart ein ”rein” kunst, der teoriar vart forkasta til fordel for ei openheit i forhold til bruken av materiale og prosessar. Dei måla, fotograferte, laga skulpturar og installasjonar, og materiala dei brukte varierte mellom det tradisjonelle og det moderne. Dei utforska sjølve kunstproduksjonens kontekst – og forholdet mellom kunsten og livet. Utstillingsarealet vart brukt som ei scene, og utviklinga av etterkrigstidas teater, med blant anna Jerzy Grotowskis idear om ein direkte konfrontasjon mellom skodeespelar og tilskodar, var ein viktig inspirasjon. Grotowskis asketiske ”poor theatre”, der tradisjonelle attributtar som sceneteppe og kostymer var fjerna, vart overført til biletkunsten, som også stod fram forenkla og ”rein”.

Arte Povera-kunstnarane utmerkar seg framleis og blir sett på som eit viktig bidrag, også for dagens kunstnarar. Museet for samtidskunst har bygd opp ei stor samling Arte Povera-verk; av Gilberto Zorio, Michelangelo Pistoletto, Giovanni Anselmo, Pier Paolo Calzolari, Jannis Kounellis, Giulio Paolini, Giuseppe Penone og Mario Merz.

Utstillinga inkluderer også museet sitt verk av Mimmo Paladino og ein installasjon av den norske kunstnaren Per Barclay, innlånt for høvet. Palladino representerer ei anna kunstretning som voks fram i etterkrigstida i Italia, parallelt med Arte Povera, La Trans-avantguardia Italiana. Denne retninga sine kunstnarar tok også eit oppgjer med modernismen, men gjekk tilbake til fortidas myter, symbol og legender for å hente inspirasjon. Dei brukte figurative element i tradisjonelle teknikkar som måleri, skulptur og grafikk. Palladino var ein av gruppas forgrunnsfigurar; kunsten hans kan difor sjåast som ei motsetning til Arte Povera-tradisjonen. Også Per Barclay har henta inspirasjon i den italienske etterkrigstidas kunst, både frå transavantgardistane og Arte Povera-kunstnarane. På ein måte kan ein seie at han knyt dei to retningane saman, sjølv om kunsten hans er meir ekspressiv, med røter i nordisk tradisjon. Verket som blir presentert i denne utstillinga har ikkje tidlegare vore vist i Noreg.