Atelierets sommerutstilling 2005-02.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Atelierets sommarutstilling 2005

2. juli 2005–28. august 2005

Museet for samtidskunst

Utstillinga viser born sine arbeid, inspirert av fire utstillingar vist det siste året: «Mario Merz. Tegninger», «Annette Messager. Mellom deg og meg», «Sikt. Marijke van Warmerdam» og basisutstillinga «Alle snakker om museet. Kunst 2». Det pedagogiske arbeidet i omvisingar og verkstad retta mot barn frå 5 til 12 år blir også presentert i ord og bilde.

«Mario Merz. Tegninger»
Til Merz-utstillinga var kunstnaren Terje Nicolaisen engasjert for å utarbeide eit verkstadopplegg. Borna leita etter former i Merz' arbeid og laga raske spontanteikningar, som vart overført til transparentar og projisert på veggen til stort format. Deretter laga dei store teikningar i grupper.

«Annette Messager. Mellom deg og meg»
Dei merkelege figurane laga av kosedyr, utstoppa smådyr og andre tekstile materialar i Messager-utstillinga inspirerte borna til rare forteljingar. I atelieret laga dei kleshengarfigurar, kattegiraffar og strømpedyr. Stovner bydel hadde engasjert bildekunstnar Kjersti Kise til å leie verkstadarbeid for alle bydelens 2. klassingar.

«Sikt. Marijke van Warmerdam»
Warmerdam-utstillinga viste store fotografi med mykje himmel. I eit av dei fekk tilskodaren kjensle av å sitje på ein flygande sykkel når utsynet "løfta seg" frå bakken. I atelieret laga borna drakar, dekorerte dei og flaug med dei ute på Festningsplassen. Ein "svevande" rekonstruksjon av borna med drakane blir presentert på ein av utstillingsveggane.

Basisutstillinga «Alle snakker om museet. Kunst 2»
Utstillinga presenterer verk frå museet si samling, og i verkstadgruppene vart det lagt vekt på arbeid som kunne knyttast til temaet bevegelse. Med utgangspunkt i Christian Boltanskis verk "Skyggeteater" klipte borna ut figurar i svart kartong som vart hengt på eit stativ og sett lys på slik at dei kasta store skuggar på veggane og byrja å danse.

Målgrupper
Utstillinga vender seg til born og foreldre, andre vaksne og den pedagogisk interesserte. Publikum kan også la seg inspirere av frodige og morosame bilde og sjølv utfalde seg ved eit av arbeidsborda som finst i utstillinga.

Utstillingsansvarleg: Anna Lindblad