Camilla Løw. The Space of Shape-Time

9. juni 2012–26. august 2012

Museet for samtidskunst

Årets sommarutstilling i Museet for samtidskunst er den fjerde i rekkja av presentasjonar av yngre norske kunstnarar. I år er den vigd Camilla Løw.

Løw set saman utstillingane sine med eit ønske om å skape omgivnader, eit slags landskap i rommet. I den eine store salen har kunstnaren dekt golvet med betongheller. Dei dannar underlag for skulpturane i rommet og bind dei saman. Når publikum går inn på golvet blir dei deltakarar i dette landskapet. Skulpturane står på golvet, lener seg mot veggen eller heng frå taket. Utforminga er abstrakt, men held seg innanfor måla til den menneskelege kroppen. Dagslyset trenger inn frå store vindauge, noko som understrekar forholdet til bylandskapet utanfor.

Nye betongskulpturar

Forholdet til det urbane landskapet er også tydeleg i dei nyaste betongskulpturane til Løw. Her minner skulpturflatene om betongelement i arkitektur. På betongen er det festa måla metallstenger som kan minne om rekkverk ein finn utanpå og inne i bygningar.

Materialar

Utgangspunktet for mange av skulpturane til Løw er samensetjinga av identiske, prefabrikerte delar. Ho stablar dei oppå kvarandre, bind dei saman med tau eller heng dei i ei tynn snor. Betongkuber som måler 30 x 30 x 30 cm har vore utgangspunkt for fleire skulpturar. Verket Stela er bygd opp av fem slike kuber som er stabla oppå kvarandre og liknar ei firkanta søyle. I andre skulpturar blir andre former føydd til i varierande materialar. Dei føretrekte materiala er betong, eiketre, metall og pleksiglas. Bruken av betong går også igjen i Løw sine silketrykk i utstillinga. Utgangspunktet her er frottage tatt frå betongavstøypingar mot treverk av den typen ein ofte finn i nedgangar til t-banestasjonar.

Formspråk

Arbeida til Løw har eit abstrakt formspråk og kan ved første blikk minne om modernistisk skulptur, minimalisme og konstruktivisme, der verka kun refererer til seg sjølve. Men ho bryt med denne tradisjonen ved at materialvalet og utforminga gir assosiasjonar til arkitektur og design. I tillegg blir skulpturane sette saman i grupper slik at dei relaterer seg til kvarandre og publikum. I nokre av verka finn ein også element som minner om figurar. Dei kan likne på spaserstokkar, skilt eller ha «hovud» av eit hjul eller liknande. Til dette bidreg titlar som Sister og Costume.

Kunstnaren

Camilla Løw (f. 1976) studerte skulptur ved Glasgow School of Art frå 1998 til 2001. Ho har sidan 2004 hatt fleire separatutstillingar, blant anna i London, San Francisco, Paris og Malmö. Utstillinga i Museet for samtidskunst er den hittil største mønstringa av arbeida hennar i Noreg.

Kurator for utstillinga er Randi Godø.