Carlos Garaicoa. Rommets politikk og poesi

17. april 2015–23. august 2015

Museet for samtidskunst

Eg treng å erfare motsetnadane mellom byens skjønnheit og dens brutale røyndom.

Utstillinga rommar fleire forteljingar: Ho fortel om byen der menneska bur og lever, om store bygg tufta på makt og politiske ideologiar, og om ruinar frå fordums stordom eller bygg som aldri vart ferdigstilte. Det urbane landskapets skjønnheit og motsetningar er eit hovudtema i den kubanske kunstnaren Carlos Garaicoas kunstnarskap, både på politisk og poetisk nivå. 

Frå Cuba til Spania

Utstillinga speglar kunstnaren si oppleving av byane han har levd i. Garaicoa voks opp i Havanna, i eit land fullt av motsetningar. Kontrasten mellom det spartanske dagleglivet i kommunistiske Cuba og dei utopiske verdiane til Castro-regimet var stor. I dag vekslar han på å opphalde seg her, og i Madrid i Spania.

Arkitekturen som speil

Arkitekturen er i følgje Garaicoa «ein disiplin som har spelt ein av dei viktigaste rollene i samfunnet, og som har vore med på å forme alle dei politiske, ideologiske og sosiale endringane og hendingane som har funne stad i vår tid».

Ruinane i Havanna fortel om ideologiar som havarerte – dei fortel om politikk som feila og korleis arrogansen til maktpersonar har skapt storslått arkitektur, men liding for enkeltmenneska. Problemstillinga er framleis relevant, med eurokrisa som eit godt døme.

Byarkeologi

Innanfor det urbane rommet blir desse røyndomane og ytterpunkta føydde saman. Arkitekturen blir som ei scene der menneska utspeler liva sine og responderer på politiske visjonar og makt gjennom blant anna demonstrasjonar og graffiti – ord og handlingar som fortel kva innbyggjarane føler.

Garaicoas byarkeologi, oppteikningar av arkitektoniske strukturar og sarkastiske spark til makteliten kjem til Oslo på eit svært passande tidspunkt; hovudstadens landskap gjennomgår ei rask og omfattande forvandling, og rundt om i landet blir det bygd nye kulturhus og leiligheitskompleks. Men, for kven blir alt det nye bygd? Blir det skapt gode og viktige rom der små og store hendingar gir livet meining? Kven styrer utviklinga, og kven blir ho til glede for?

Verdsstjerne til Oslo

Dette er Carlos Garaicoas første utstilling i Norden. Han har dei siste 10–15 åra blitt vist på alle store internasjonale biennalar, som Venezia, Havanna, Sao Paulo og på Documenta. I Nasjonalmuseet gler vi oss til å kunne presentere eit stort utval av kunstnarens nyare verk og hans tidlegare arbeid innan skulptur, installasjon, teikning og fotografi frå begynnelsen av 2000-talet.

Sted: Museet for samtidskunst

Adresse: Bankplassen 4

Utstillingen er et samarbeid mellom Nasjonalmuseet i Oslo, CA2M Centro de Arte Dos Mayo, Madrid, Fundación Botin, Santander og Villa Stuck, München.

Kuratorer utstilling: Sabrina van der Ley og Agustin Pérez Rubio
Prosjektleder: Marthe Tveitan
Kuratorer formidling: Line Engen og Liva Mork

  

Medieomtale:

 


 


Kontakt:

 

Sentralbord: info@nasjonalmuseet.no  tlf: 21 98 20 00
Pressekontakt: Eva Amine Wold Engeset tlf: 469 50 102
Kurator utstilling: Sabrina van der Ley
Agustin Pérez Rubio
tlf: 966 28 490
Kurator formidling:  Line Engen
Liva Mork
tlf: 459 62 465
tlf: 992 61 408
Prosjektleder:  Marthe Tveitan tlf: 970 83 686

 

Relevant litteratur i Nasjonalmuseets bibliotek