Fantastisk politikk. Kunst i turbulente tider

20. oktober 2006–25. februar 2007

Museet for samtidskunst

Utstillinga viser verk som er eksplisitt politiske i sitt innhald og samtidig fantastiske i sitt utrykk. Kunstnarane omset sine analysar av verda på eit estetisk eksperimenterande plan. «Fantastisk politikk» samlar nærare 100 arbeid av 14 internasjonale kunstnarar – både historiske verk og nyproduksjonar.

Verk av Øyvind Fahlström, Kjartan Slettemark, Leon Golub og VALIE EXPORT fra 60-talet møter samtidsverk av Dan Colen, Olafur Eliasson, Pierre Lionel Matte, Olaf Metzel, Aleksandra Mir, Marjetica Potrc, Kirstine Roepstorff, Tom Sachs, Lara Schnitger og Amelie von Wulffen. I tillegg visast eit filmprogram med arbeid av William Kentridge, Luke Fowler og Ulrik Wivel. Publikum får også eit gjensyn med legoprosjektet på Tullinløkka.

Arbeid frå to generasjonar og to forskjellige historiske periodar settast opp mot kvarandre: slutten av 60-talet på den eine sida og vår tid, byrjinga av det nye tusenåret, på den andre. Verka frå dei to tidsepokane er påfallande like i bruk av forteljingar, fantasi, science fiction, formeksperiment og det psykedeliske. Samtidig deler kunstnarane forsøket på å forstå verda og uttrykke sine eigne politiske haldningar.

Kunsnergenerasjonar i turbulente tider
Byrjinga av dette tusenåret er karakterisert av politisk, økonomisk og sosial uro og endring. Som på 60-talet då kunstnarar reagerte på dei turbulente politiske hendingane som markerte byrjinga av den kalde krigen, er også notida prega av politisk krise. Den kalde krigen, med bygging av Berlinmuren, Vietnamkrigen, Cubakrisa og Kennedy-drapet, har blitt avløyst av terrorisme, globaliseringskritikk og ei krise i verdas finanssystem. Begge periodane er prega av ein aggressiv og dominerande amerikansk utanrikspolitikk. Den politiske og sosioøkonomiske bakgrunnen for begge kunstnargenerasjonar kan mildt sagt beskrivast som turbulente. Utfordringa i å forstå verda er uttrykt i ein konstruksjon av ein fantastisk kunstnarisk sfære – modellar og kart for alternative måtar å leve på.

I tilknyting til utstillinga vil Nasjonalmuseet vise filmprogram og arrangere seminar som tek for seg spørsmål om verdien av politisk engasjement i samtidskunsten.

Kurator for utstillinga er Andrea Kroksnes.