Godesses-120.jpg
Fra utstillingen «Goddesses». Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Goddesses

1. juli 2010–1. januar 2011

Museet for samtidskunst

Med utgangspunkt i eiga samling viser Nasjonalmuseet del II av presentasjonen “Kvinner som beveger kunsten”.

Tittelen på utstillinga er henta frå Lara Schnitgers skulptur “Fuck You / Fuck Me Goddess” frå 2005. Skulpturen er som eit stort fantasivesen laga av eit reisverk av trestokkar drapert med stoffrestar og pynta med perler, silkeband og pels. Han er væpna med ein aggressiv og konfronterande demonstrasjonsplakat og liknar meir på eit monster enn ei gudinne.

Tittelen “Gudinner” er ein klisjé som utstillinga set søkelys på. Forventningane om ei klassisk hylling til kvinnekunst blir ikkje innfridd. Utstillinga ønskjer å ta eit oppgjer med ei tradisjonell forteljing om kva kvinner sin kunst skal vere. “Gudinner” er i si fleirtalsform meint som ein fandenivoldsk kritikk av patriarkalske forteljingar om meisterverket og ein allmenngyldig kanon. I staden for ei attforteljing av kunsthistorien problematiser utstillinga konvensjonelle kategoriar som vi brukar når vi skildrar kunst. “Gudinner” viser til mangfald og unntak i same forteljing.

Utstillinga viser eit tverrsnitt av det mangfaldet kunstnarane har vore opptekne av. Tema som blir behandla fokuserer ikkje berre på klassiske, feministiske problemstillingar som kropp, institusjonskritikk, handverk og materiale, men også på språk, konsept og abstraksjon.

Publikum får sjå arbeid av nasjonale og internasjonale storleikar som Marina Abramovic, Gunnvor Advocaat, Vanessa Beecroft, Book og Hedén, Sophie Calle, Andrea Fraser, Isa Genzken, Marianne Heske, Ane Mette Hol, Løvaas & Wagle, Camilla Løw, Lara Schnitger m.fl.

Kuratorar for utstillinga er Andrea Kroksnes og Randi Godø.