Hypocrisy-27.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Hypocrisy: The Sitespecificity of Morality

21. februar 2009–10. mai 2009

Museet for samtidskunst

Med utgangspunkt i "Afrika i Oslo"-prosjektet, tek utstillinga det for gitt at afrikanske kunstnarar er ein del av den internasjonale kunstverda. Utstillinga tek føre seg kunstnarane si kreative gransking av politikk, økonomi og kultur i forbindelse med eit nytt, globalt nettverk som fungerer utan geografiske grenser eller identitet bunde til enkeltnasjonar. I hovudsak blir ei tradisjonell kuratorisk tilnærming sjølvkritisk og ukonvensjonell nettopp fordi den spør korleis kunstnarar utanfor Vest-Europa og USA ikkje er ein akseptert del av internasjonale gruppeutstillingar.

Kunstnarane som er presenterte i utstillinga har tankar om dette: "Sidan vi alle er del av eit globalt fellesskap, er det ikkje eit stort skilje som må forklarast. Tidleg i prosessen vart vi interesserte i hykleriske aspekt ved moralitet – vår tids form for imperialisme – som ikkje er ein rein geografisk imperialisme, men noko som hender gjennom ei imperialistisk haldning som gir utslag i form av overlegenhet, sjåvinisme, undertrykking og dominans overfor menneske på eit lågare sosialt, politisk eller kunstnarisk nivå."

Hykleri
Denne tendensen synest å ha eskalert under seinkapitalismen der omgrepet om at alt, inkludert subjektivitet, er til sals florerer. Kunstnarane vi har valt å samarbeide med taklar denne problematikken på forskjellige måtar, frå forskjellige perspektiv og frå forskjellige delar av verda. Det globale konsumsamfunnet, forureining, undergravinga av individet, politiske dobbelstandardar og det eksotiske, vart identifisert som understrøymingar til hovudtemaet om hykleri.

Kunstnarane
Kunstnarane som er med i utstillinga er: Birgir Andresson (Island), Olaf Breuning (Sveits), Georges Adeagbo (Benin), Georges Osodi (Nigeria), Marianne Heier (Norge), Wilfredo Prieto (Cuba), Gunilla Klingberg (Sverige), El Parche (Norge, Namibia, Colombia), Moshekwa Langa (Sør-Afrika), Steve McQueen (Storbritannia) og Pascal Marthine Tayou (Kamerun).

Kuratorar for utstillingen er Stina Högkvist (Nasjonalmuseet) og Koyo Kouoh (frilanskurator med base i Dakar, Senegal).