Installasjoner – eit dokumentasjonsprosjekt

20. november 2008–25. januar 2009

Museet for samtidskunst

Nasjonalmuseet si samling omfattar installasjonskunst datert frå 60-talet og fram til i dag. Hovudvekta ligg på verk av norske kunstnarar. Statistikk over samlinga viser at innsamling av installasjonskunsten voks frå 12 verk på 80-talet til 38 verk på 90-talet, noko som indikerer eit intensivert fokus på og styrking av installasjon som samlingsfelt i denne perioden.

Intensjonen med prosjektet er å kvalitetssikre installasjonskunsten sin dokumentasjon og katalogisering i Nasjonalmuseets samling. Formålet er å undersøkje kva verka i samlinga representerer av norsk/internasjonal installasjonskunst dei siste 30–40 åra.

Eit utval av verk frå samlinga er montert i museets første etasje. Prosjektet er ope for publikum frå slutten av oktober 2008.

Prosjektet har som plan å montere verk av følgjande kunstnarar:
Joseph Kosuth
Camille Norment
Erik Frandsen
Jens Haaning
Marit Benthe Norheim
Kristin Ytreberg
Paul Brand
Anders Widoff
Ulf Rollof
Jon Gundersen
Kalle Grude
Kari Skoe Fredriksen

Kurator for utstillinga er Randi Godø.