Kirstine Roepstorff. Formløshetens Wunderkammer

23. oktober 2011–19. februar 2012

Museet for samtidskunst

– Eg er tiltrekt av former, men mest på grunn av det rommet som oppstår mellom formene, har Kirstine Roepstorff uttalt. Inspirasjon til bilda sine får ho blant anna gjennom lesing av internasjonale tidsskrift som Der Spiegel, TIME og National Geographic og på Internett. Ho held seg oppdatert på kva som går føre seg i ulike verdsdelar, men har ikkje fjernsyn. Roepstorff interesserer seg for dei fleste politiske forhold – blant anna forholda på Aust-Timor, Grønland og i Darfur.

Det estetiske uttrykket i arbeida til Roepstorff spenner frå det kviskrande og diskrete til det provoserande og fargestrålande. Utstillinga tek utgangspunkt i temaet «Wunderkammer». Ho er som ei skattkiste der kunstnaren viser eigne verk saman med objekt som ho «handplukkar» frå museumssamlingar eller loppemarknader. Veggane blir dekte av gardiner og skaper ein konsentrert, nesten andektig atmosfære. Storslåtte collagar viser utklipp frå tidsskrift, stoff og garn som er limte og vevde saman i vakre komposisjonar. I utstillingsromma står høge grantre, krystallar, skulpturar og vitriner med objekt som steinar og forgylte nøklar. Verket Stille teater står sentralt. «Aktørane» i denne store kinetiske teaterforestillinga er magiske glasskulpturar som beveger seg til lys og lyd.

Slagkraftig politisk innhald

Tematikken i bilda til Roepstorff strekkjer seg frå det figurative og samtidspolitiske, til det mystiske, fantastiske og groteske. Ho finn kontinuerleg opp nye måtar å bruke materialar på. Ofte arbeider ho med kvinnelege brukskunstmaterialar som garn, broderi, papirutklipp og stoff som blir sette saman. Sluttresultatet inneheld gjerne eit slagkraftig politisk innhald. Denne kollisjonen mellom innhald og verkemiddel har parallellar til den feministiske kunsten frå 1970-talet. Men i motsetjing til feministane på 70-talet som hadde fokus på kjønnsperspektivet, har Roepstorff ingen fiks ferdige løysingar på samfunnsproblema. Derimot erkjenner ho dei, og framstiller dei på ein poetisk og ofte humoristisk måte.

Film av Charlie Gaugler – shakuhachi-fløyte og stemmespor frå Stille Teater

Kirstine Roepstorff vart fødd i Danmark i 1972 og bur og arbeider i Berlin og København. Ho har hatt ei rekkje internasjonale separatutstilingar, blant anna i Galerie im Taxispalais, Innsbruck, Austerrike; Museum für Gegenwartskunst / Kunstmuseum Basel, Sveits; Kunsthallen Brandts, Odense, Danmark; Musac, Leon, Spania og Bonniers konsthall i Stockholm. Ho er representert hos Peres Projects i Berlin og Galleri Christina Wilson i København.

Samarbeidspartnarar

Utstillingskatalogen Dried Dew Drops. Wunderkammer of Formlessness er ein samarbeidsproduksjon mellom Nasjonalmuseet i Oslo og Museum für Gegenwartskunst Basel. Han er gitt ut av forlaget Hatje Cantz. Mineral, krystallar, fossilar og etnografiske objekt er lånt ut frå Naturhistorisk museum og Kulturhistorisk museum. Trea er henta frå skogen til Ragnhild og Olav Prestvik i Nittedal utanfor Oslo.

Kurator for utstillinga er Andrea Kroksnes.