Kjell Bjørgeengen (9).jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Kjell Bjørgeengen

9. oktober 2004–2. januar 2005

Museet for samtidskunst

Kjell Bjørgeengen har i ei årrekkje vore ein av landets fremste videokunstnarar. Han byrja som fotograf på slutten av 1960-talet, men fokuserte seinare over mot videomediet. I 1982 reiste han til New York, og på The Experimental Television Center vart han kjend med nye teknikkar for bearbeiding av videobilde som braut med tradisjonell tv- og videoteknologi. I 1996 vart han tilsett som professor ved Statens Kunstakademi, med ansvar for undervisinga i nye digitale medie. Videoarbeida hans har vore presenterte i ei lang rekkje utstillingar i inn- og utland.

Bjørgeengens videoar utfordrar den tradisjonelle tanken om video som underhaldningsskapande medium. I verka sine ønskjer han å fristille seg frå tradisjonell representasjon. Han seier han alltid har arbeidd i grenseland mellom det å gripe inn i biletet og å gripe inn i verktøya som produserer biletet. I kunsten søkjer han nye former for interaksjon mellom kunstnar/tilskodar og materiale. Ikkje minst har Bjørgeengen vore opptatt av forholdet mellom elektroniske bilete og musikk. Dette har ført til samarbeid med ei rekkje framståande samtidsmusikarar.

Utstillinga presenterer ni av kunstnaren sine arbeid – sju av dei er heilt nye. I samarbeid med musikaren Marc Ribot har Bjørgeengen laga den store installasjon Grasp, der interaksjonen mellom gitarspel og bilete, vist i tre store projeksjonar, driv verket fram og understrekar Bjørgeengens hyppige bruk av urbane miljø som utgangspunkt for arbeida. Grasp, saman med den andre store installasjonen, Sweet as the end of pain, basert på lysdioder LED, utgjer kjernen i utstillinga.