Ludvig Eikaas046.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Andreas Harvik

Ludvig Eikaas – retrospektiv

30. januar 2010–30. mai 2010

Museet for samtidskunst

Ludvig Eikaas (f. 1920) har ein solid posisjon i norsk kunsthistorie med sitt allsidige kunstnarskap. Eikaas vil for dei fleste vere kjent som ein utmerka grafikar og ein portrettør med glimt i auget, men han har også vore ein tradisjonsberar og innovatør innan måleri og skulptur. Han var i tillegg ein tidleg eksponent for konseptuelle og performative uttrykk i det norske kunstmiljøet.

Denne retrospektive utstillinga tek sikte på å vise både breidda og tyngdepunkta i Ludvig Eikaas sitt mangfaldige kunstnarskap. Det blir vist over 200 arbeid som dekkjer alle aspekt av kunstnarskapet – frå dei første grafiske tresnitta tidleg på 1940-talet til dei meir eksperimentelle skulpturane og materialebilda frå 1960- og 70-talet.

Utstillinga er produsert av Bergen Kunstmuseum og vart vist der hausten 2009. Det er laga ein omfattande utstillingskatalogkatalog med rikt illustrasjonsmateriale.

Kurator for utstillinga er Vibeke Waallann Hansen.