Kopi av NicholasHLOBO055K2155.jpg
Nicholas Hlobo, Izithunzi (detalj), 2009. Foto: Michael Stevenson Gallery, Cape Town

Nicholas HLOBO: skulptur · installasjon · performance · tegning

4. mars 2011–29. mai 2011

Museet for samtidskunst

Den sørafrikanske kunstnaren Nicholas Hlobo bruker skulptur, installasjon, framføringskunst og teikning for å ta opp tema som kjønn, kulturelle skilnader og samtidspolitikk. Utgangspunktet for dei fleste skulpturinstallasjonane, teikningane og framføringskunsten til Hlobo er røtene han har i xhosa-kulturen, og den seksuelle identiteten hans. Arbeida hans flettar saman mange slags resirkulerte materiale, som gummislangar frå bildekk, stoff, band, tråd, lateks, silikon og tre. Dei varierer i størrelse frå små gjenstandar du kan ta i handa, til store rominstallasjonar.

Hlobos arbeid fører tilskodarane inn i scenariet til den sørafrikanske kulturen. Dei gir nok haldepunkt til å byggje bru over forskjellane mellom den lokale kulturelle sansebruken hans og sansebruken i den globale kunstverda. Hlobo inviterer oss til å lese verda hans gjennom den visuelle leiken med materiale og gjennom poesien i titlane, som speglar globale og sørafrikanske realitetar. Alle Hlobos arbeid har fått titlar på morsmålet hans – isixhosa – for å få sjåarane med på ei kulturell omsetjing. Hlobos arbeid står mellom umxhosa-tradisjonen og den nye sørafrikanske demokratiske røyndomen. Skulpturinstallasjonar blir ein ressurs som kan gi tilskodarane kunnskap både om fortida og notida. Hlobos framsyningar rører seg mellom det heilage og det verdslege, notida og den tradisjonelle fortida. Dei vev det verkelege inn i det overnaturlege og stiller spørsmål ved moralen i tradisjonell tru.

Biografi

Nicholas Hlobo vart fødd i Cape Town i 1975, og bur og arbeider i Johannesburg. Han tok eksamen ved Wits Technicon i Johannesburg og har hatt soloutstilling blant anna ved ICA (The Institute of Contemporary Art) i Boston, Massachusetts og ved Tate Modern i London i 2008, ved Galeria Extraspazio i Roma i 2009 og ved The Michael Stevensen Gallery i Cape Town i 2008. Fellesutstillingar der han har vore med i seinare tid, er «Dada South?» ved The South African National Gallery, Cape Town (2009); . «Beauty and Pleasure i South African Contemporary Art» ved Stenersenmuseet, Oslo (2009); «Gender, (Trans) Gender and (De) Gendered», eit spesielt prosjekt ved Havanna-biennalen, Cuba (2009); «Mythologies» ved Haunch of Venison, London (2009); den tredje Guangzhou-triennalen, Kina (2008); og «Flow» ved The Studio Museum i Harlem (2008). Han er vald ut til å delta i Liverpool-biennalen 2010. Hlobo fekk Tollman-prisen i 2006, og vart utnemnd til The Standard Bank Young Artist i 2008. Han er Rolex’ protesjé-artist for 2010/11, og kjem til å arbeide med skulptøren Anish Kapoor i denne perioden.

Første store presentasjon i Skandinavia

Utstillinga er den første store presentasjonen av Nicholas Hlobos arbeid i Skandinavia. Ein illustrert katalog følgjer utstillinga, med essay av Jan Erik Lundström, tidlegare direktør ved Bildemuseet i Umeå, Sverige, Kerryn Greenberg, kurator ved Tate Modern i London, UK, og kurator Gavin Jantjes.

Kurator for utstillinga er Gavin Jantjes