Populisme-13.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Populisme

16. april 2005–4. september 2005

Museet for samtidskunst

I utstillinga blir forholdet mellom samtidskunst og tidas kulturelle og politiske trendar utforska. POPULISME fokuserer på erfaring, refleksjon og diskusjonar knytt til eit samtidig politisk og kulturelt fenomen som er like komplekst som det er utbreitt.

Utgangspunktet for prosjektet er ideen om at det som karakteriserer populismens politikk ikkje nødvendigvis er forskjellig frå det som uttrykkast gjennom kunsten. Men kva er populisme? Dette kan det vere ulike meiningar om – populismen har mange ansikt. Dermed vil også dei ulike bidragsytarane kunne definere omgrepet på forskjellige måtar – utifrå sine ståstadar som kunstnarar, akademikarar, forfattarar, osb.

POPULISME inkluderer nye verk og prosjekt av til saman rundt 30 internasjonale kunstnarar og kunstnargrupper som gjer bruk av eit mangfald av kunstneriske uttrykk.

Visningsstadar
Utstillinga blir vist meir eller mindre parallelt på fire ulike stader:
Senter for samtidskunst, Vilnius: 8. april–4. juni.
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Oslo: 16. april–4. september.
Stedelijk Museum, Amsterdam: 29. april–28 .august
Frankfurter Kunstverein, Frankfurt am Main: 10. mai–4. september.

Kunstnarar
Kunstnarane som vil vere representerte i Oslo er:
Bernadette Corporation - Marc Bijl - Martin Le Chevallier - Jeremy Deller - Dias & Riedweg - Gardar Eide Einarsson - Matias Faldbakken - Jacob Boeskov - Jens Haaning & Superflex - Sarah Morris - Roman Ondak - Stig Sjölund, performance - Otto Snoek - Milicia Tomic - Russell Haswell - Fatma Akinci - Matthieu Laurette - Cildo Meirelses - Nomeda 6 Gediminas Urbonas - Tobias Zielony - Begoña Muñoz + Dokumentarfilm om Thomas Hirschhorns prosjekt "Swiss-Swiss Democracy" av Nicolas Trembley

Utstillingsansvarlege
Kuratorar: Lars Bang Larsen, Cristina Ricupero, Nicolaus Schafhausen.
Utstillingsansvarleg i Oslo er Gavin Jantjes.

Prosjektet er initiert av NIFCA, Nordisk institutt for samtidskunst. Det er støtta av EU gjennom Culture 2000.

Publikasjonar
Det vil bli gitt ut fleire publikasjonar knytt til prosjektet. Blant anna er månadsavisa Le Monde diplomatique lokal samarbeidspartnar med artiklar om populisme.