Sikt. Marijke van Warmerdam-04.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Sikt. Marijke van Warmerdam

15. januar 2005–28. mars 2005

Museet for samtidskunst

Utstillinga er den første større presentasjonen av nederlandske Marijke van Warmerdam (f. 1959) sin kunst i Noreg. Det internasjonale gjennombrottet fekk ho som deltakar på Venezia-biennalen i 1995 og Documenta i Kassel i 1997. I 2004 vart ho tildelt den etablerte David Röellprijs i Amsterdam.

Warmerdam er særleg kjent for sine installasjonar med fotografi, film og skulptur. Filmane har gjerne eit fiksert perspektiv; kameraet haldast fast ved eí hending. Gjennom dette fokuserer ho og held fast ved augeblikk i liva våre, punkt som vi elles kun hastig observerer. Utstillinga sitt hovudverk er filmen Lichte Stelle, som blir vist som installasjon i Banksalen.

«Sikt» er ei vandreutstilling med visningsstadar i S.M.A.K, Ghent (21.02–23.05.2004), Nasjonalmuseet, Oslo (14.01–28.03.2005) og MAC, Marseille (15.11.2005–12.02.2006).

Utstillinga er støtta av Mondrian Foundation.