Kopi av SnorreYtterstadBallPointBalldetalj-ErikSteen.JPG
Snorre Ytterstad, Ballpointball (detalj), 2003. Foto: Nasjonalmuseet / Andreas Harvik

Snorre Ytterstad. SQUARED TARGET

24. juni 2011–18. september 2011

Museet for samtidskunst

Utstillinga er den første museumspresentasjonen av den norske biletkunstnaren Snorre Ytterstad (f. 1969). Vi får presentert installasjonar og skulpturar frå tusenårskiftet og fram til i dag. Mønstringa inngår i ein serie visingar av sentrale norske samtidskunstnarar ved Museet for samtidskunst.

Snorre Ytterstad er leiken og nysgjerrig og har ei eigenarta materialbevisstheit og ein handverksmessig teft. Dette har gitt han ein unik plass på den norske kunstscena. Kvardagslege objekt som spikar, myntar og vegglister dannar utgangspunktet for meir eller mindre omstendelege prosessar. Gjennom rekonstruksjon, bearbeiding, forminsking eller berre ei lita omplassering blir gjenstandane rykte ut av sine kjende omgivnader, mistar sin opprinnelege funksjon og inngår i nye assosiasjonsrekkjer. Dei går frå å vere daglegdagse objekt og bruksgjenstandar til å bli kunstobjekt.

Readymade-tradisjonen

Kunsten til Ytterstad er ein del av readymade-tradisjonen, ei hundre år gamal kunstretning som begynte med Marcel Duchamp. Eit urinal under tittelen «Fontene» vart tatt inn i utstillingsrommet, og fekk dermed status som kunst. Kvardagsliv og lågkultur inntok høgkulturen på ein heilt ny måte, og kunstomgrepet vart endra for alltid.

Kompleksitet

Men sjølv om Ytterstad har sterke referansar til både Duchamp og andre kunstnarar innan denne tradisjonen, er det handverket, materiala og sjølve prosessen som dannar kjernen og eigenarten i kunstpraksisen hans. Det visuelle universet til Ytterstad er tilsynelatande kvardagsleg og enkelt, men ved nærare ettersyn blir ein kompleksitet både i form og innhald avdekt. Han beveger seg på mange plan, og ingenting ved arbeida hans er tilfeldig. Både materiala, forma, funksjonen og titlane er nøye gjennomtenkte, og dei ulike nivåa inngår i intrikate forbindingar med kvarandre.

Publikum blir inviterte med

Publikum blir inviterte med på leiken. Nesten usynlege vaiarar tek utstillingsrommet lydlaust i eige, og inne i ein skulptur finst det eit lite rom som er skjult for publikum. Men tittelen Knot with an Empty Space gir oss eit hint. Når ein trur ein har funne svaret, kan det løne seg å sjå éin gong til. I universet til Ytterstad fungerer ikkje ein teiknestift berre som ein opphengingsreiskap. Ser ein litt nærare etter vil ein oppdage at han roterer. Og ikkje nok med det, han roterer faktisk 60 gongar i minuttet.

I dialog med kunsthistoria

I likheit med dei fleste samtidskunstnarar går Ytterstad i dialog med kunsthistoria, også her bearbeider og rekonstruerer han. I videoverket Bird in Space referer han til Constantin Brancusi sin kjente forenkla og formale skulptur med same namn. Ytterstad bryt opp Brancusi si fortetta og kontrollerte form, og ro blir erstatta med bevegelse og kaos. Andre gongar er det objekt lada med ein etablert symbolikk som dannar utgangspunktet for den kunstnariske praksisen hans, blant andre den norske einkronemynten. Dette er med på å fylle verka med politisk innhald, men ikkje utan glimt i auget. Det er mykje humor i Ytterstad sin meir eller mindre eksplisitte samfunnsrefs.

Kunstnaren

Snorre Ytterstad er fødd i Bodø. Han bur og arbeider for tida i Oslo. Han har utdanning frå Vestlandets Kunstakademi i Bergen (1992–95) og frå Statens Kunstakademi i Oslo (1995–96). Ytterstad har hatt ei rekkje separatutstillingar blant anna i Bodø Kunstforening (1994) og Satelliti, Galleria Kari Kenetti, Helsingfors (2001), Schlafen Gegen Rechts, UKS Galleri, Oslo (2002), og On a Tightrope a Screw Thinks Shit, Galleri Erik Steen, Oslo (2008). Ytterstad har også delteke i ei rekkje gruppeutstillingar på m.a. UKS-biennalen, Henie Onstad Kunstsenter (1998) og Modellmakerne, Kunstnernes Hus, Oslo (2000). Ytterstad er representert hos Galleri Erik Steen, Oslo.

Kurator for utstillinga er Randi Godø