Statens Kunstakademi jubileums utst-19.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Statens kunstakademi 100 år

12. juni 2009–18. november 2009

Museet for samtidskunst

I 2009 er det 100 år sidan Statens Kunstakademi vart etablert i Kristiania. Nasjonalmuseet markerer jubileet ved å vise ei utstilling basert på verk frå museets eiga samling, slik Nasjonalgalleriet også gjorde det ved 60-årsjubileet i 1969 og 75-årsjubileet i 1984.

Statens kunstakademi vart oppretta etter initiativ frå kunstnarane sin eigen fagorganisasjon, Bildende Kunstneres Styre. Undervisninga starta opp i november same år med 31 studentar og 3 professorar. Dei tre første professorane var målarane Christian Krohg og Halfdan Strøm, og bilethoggaren Gunnar Utsond. Heilt fram til 1998 var undervisninga basert på professorstyrte klasser. I dag inngår Statens kunstakademi i Fakultet for visuell kunst ved Kunsthøgskolen i Oslo.

Professorar og lærarar
Dei aller fleste professorane og lærarane som har undervist ved akademiet er representerte i utstillinga, saman med et breitt utval av tidlegare studentar. Professorane sitt kunstsyn har naturleg nok prega akademiets undervisningstilbod, og enten dei har verka i kortare eller lenger periodar har dei vore med å prege utviklinga av norsk kunstliv gjennom heile det 20. hundreåret.

Brei presentasjon
Utstillinga gir anledning til å sjå arbeid av blant andre Christian Krohg, Axel Revold, Jean Heiberg, Ludvig Eikaas, Arne Malmedal, Irma Salo Jæger, Per Palle Storm, Guttorm Guttormsgaard, Paul Brand, Zdenka Rusova, AK Dolven og Kjell Bjørgeengen. I tillegg til kunsten, blir fotografi og filmar som viser livet på innsida av institusjonen presentert.

Eit eige arrangementsprogram som inneheld omvisinger, foredrag, seminar og anna er laga til utstillinga. Utstillinga og arrangementa er resultat av eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og Kunstakademiet, Fakultet for visuell kunst, Kunsthøgskolen i Oslo.

Kurator for utstillinga: Vibeke Waallann Hansen

Referansegruppe: Åse Markussen, Stian Grøgaard, Ellen Lerberg, Marianne Yvenes og Anita Rebolledo