Take Me To Your Leader! The Great Escape Into Space

6. oktober 2010–30. januar 2011

Museet for samtidskunst

Frå å vere ein sær gutteromshobby har science fiction blitt ein sjanger som er omfamna av millionar verda over. 23 kunstnarar og omlag 90 verk forvandlar denne hausten første etasje i Museet for samtidskunst til ei utopisk verd.

Denne utstillinga viser korleis kunstfeltet og science fiction-sjangeren vekselvis har inspirert og påverka kvarandre. Ser ein bortanfor mutantar, utanomjordiske vesen, romskip og tidsreiser, kjem ein til eit grunnleggjande spørsmål for både kunst og science fiction: Kva er eit menneske?

Vi viser verk av Børre Sæthre, Elise Storsveen, Jone Kvie og Adolph Denis Horn. Medverkande utanlandske kunstnarar er Ilya Kabakov, John McCracken, Mike Kelley, Bjørn Dahlem, Sun Ra, Ellen Gallagher / Edgar Cleijne, Jimmy McBride, Katrin Plavčak, H.R. Giger, Veli Granö og Jarmo Ylänen, Julieta Aranda, Stan VanDerBeek, Nathalie Melikian, Kerry James Marshall, Maya Schweizer / Clemens von Wedermayer, Ride1 og Daniel McDonald.

Utstillinga viser også originalteikningar frå klassiske science fiction-filmar som A Trip to the Moon (Méliès, 1902), Metropolis (Lang, 1927), Barbarella (Vadim, 1968) og Alien (1979).

Kurator for utstillinga er Stina Högkvist.

Utstillingsåpning fredag 15. oktober kl. 18.00 i Museet for samtidskunst.
Velkomen!

Sjå bilete frå montering av utstillinga (Flickr)