Ufullførte reiser 2012 signalbilde.JPG
Isaac Julien, «Mazu, Turning (Ten Thousand Waves)», 2010. Foto: Nasjonalmuseet

Ufullførte reiser

16. mars 2012–20. mai 2012

Museet for samtidskunst

Utstillinga viser verk som alle på kvar sin måte tematiserer «reiser» som ikkje tek slutt. Arbeida handlar om reiser i overført forstand – den evige søken etter å finne seg sjølv og sin plass i verda, men også om spørsmål rundt migrasjon.

Det er hevda at på 2000-talet er vi alle blitt hybridar, «illegitime bastardar» som ikkje lenger kan ause av ei opprinneleg, uttømmande historie. Vi er prega av ulike språk og motstridande sosiale mønster. Tanken om ein rotfesta identitet, ein slags essens som er basert på kvar ein er fødd, må difor erstattast av ei identitetsforståing som ser subjektet som konstituert ut frå kva reiser det har gjort. Spørsmålet «Kvar kjem du frå?», burde difor erstattast av «Kvar har du reist?» eller til og med «Kvar er du på veg?» Identiteten er ei enno ikkje avslutta reise. Utstillingstittelen, «Ufullførte reiser», kan sjåast som ein utvida metafor nettopp for identitet. Mange av dei deltakande kunstnarane tek føre seg spørsmålet om identitet som ein eksplisitt geografisk, romleg ekspedisjon. Reisene deira til både verkelege og imaginære stader viser livet som ei rastlaus oppdagingsreise i både bokstaveleg og metaforisk forstand. 

Lengselen etter å finne seg sjølv

«Ufullførte reiser» viser oss at Heimweh (heimlengsel) og Fernweh (det å lengte etter fjerne stader) ikkje eigentleg er to diametralt motsette kjensler, men to sider av same sak. Den viktigaste fellesnemnaren er førestellinga om lengselen etter å finne seg sjølv. Robert Smithson sin retur til heimstaden Passaic, slik han kjem til uttrykk i det berømte arbeidet Monuments of Passaic, er ei oppdagingsreise som ikkje er mindre rastlaus enn Isaac Julien si reise til Kina, Marine Hugonnier si ferd langs den uferdige Transamazônica-vegen gjennom Amazonas, Knut Åsdam sin elendigheitsodyssé på byggjeplassane til dei nye OL-anlegga i Aust-London eller Rosa Barba sin ekspedisjon til ei «ekte-og-imaginær» øy i bevegelse i Austersjøen. Det er lengselen etter å bli kjent med oss sjølve i verda som driv oss til å reise til framande land og tilbake igjen.

Kunstnarar

Kunstnarar representerte i utstillinga er m.a. Bas Jan Ader, Francis Alÿs, Chantal Akerman, Rosa Barba, Rui Calçada Bastos, Stanley Brouwn, Kristina Bræin, Tacita Dean, Marine Hugonnier, Isaac Julien, Runo Lagomarsino, Helen Mirra, Adrian Paci, Robert Smithson, Fiona Tan og Knut Åsdam. Dei verkar vere einige om ein ting: Det er ikkje lenger muleg for oss å reise heim for å bli.

Intervju med Isaac Julien under installeringa av «Ten Thousand Waves»:

Sjå NRK sitt intervju med Isaac Julien og innslag i kulturprogrammet Nasjonalgalleriet om utstillinga

Sjå Knut Åsdam i samtale med Philippe Pirotte (frå Bergen Kunsthall):

Kuratorar for utstillinga er Andrea Kroksnes og Sabrina van der Ley.