«Skrik» under lupen

30. november 2013–12. januar 2014

Nasjonalgalleriet

I høve Munch-året viser vi ei fokusutstilling basert på naturvitskapelege undersøkingar av Skrik i butikken i Nasjonalgalleriet. 

Utstillinga tek utgangspunkt i Munchs fire versjonar av måleriet Skrik, illustrert ved reproduksjonar i storleiken 1:1. Nasjonalmuseets måleri frå 1893 er den første versjonen som viser Skrik-motivet fullt utvikla, og det er dette måleriet Munch stilte ut i åra mellom 1893 og 1910, då det vart erverva av Nasjonalgalleriet. Måleriet og skissa på baksida er blitt fotografert med ulike teknikkar som tydeleggjer Munch sin bruk av målemateriale og tilstanden til måleriet i dag. Fotografia er reproduserte i full storleik.  

Utstillinga blir følgd av eit audiovisuelt program der vi ser på utviklinga til motivet, undersøker oppbygginga av måleriet og måleteknikken til Munch. Måleriet ber no preg av den noko harde handteringa og at det seinare – bortsett frå eit dramatisk tjuveri i 1994 – nærast har vore urørt av menneskehand. Sprekkdanningar og avskalingar viser at måleriet langsamt blir brote ned og endra. Handtering, klima og forureining har hatt betydning, men også Munch sitt val av materiale. – Kor lenge vil vi ha Skrik blant oss?