Kopi av ChristianKrohg-Visergutt.jpg
Christian Krohg, «Visergutt drikker kaffe», 1885. Göteborgs konstmuseum

Christian Krohg. Bilder som griper

15. juni 2012–16. september 2012

Nasjonalgalleriet

Du skal male slig at du griper, rører, forarger eller gleder den store hop nettopp ved det samme som har gledet, rørt, forarget eller grepet deg selv, for det er vel derfor, du har malt ditt bilde, vil jeg håpe.
Christian Krohg i «Om det eneste fornødne i kunsten» (1888)

Christian Krohg (1852–1925) prega norsk kunstdebatt i fleire tiår, både med måleria sine og gjennom dei posisjonane han fekk. Sommarutstillinga i Nasjonalgalleriet er vigd kunsten til Christian Krohg og gir moglegskap til å sjå kjende og kjære Krohg-perler, som I baljenKone som skjærer brødAlbertine i politilegens venteværelseSyk pike og Visergutt som drikker kaffe. Utstillinga er konsentrert om 1880- og 90-åra og er eit djupdykk i realisten Krohg.

Det er 25 år sidan siste Krohg-utstilling vart vist i Nasjonalgalleriet. Den gong var det breidda i hans omfattande kunstnarskap som vart vektlagt. «Christian Krohg. Bilder som griper» går i djupna på kunsten hans i 1880- og 90-åra. Krohg var sterkt prega av realismen sin ideologi som blant anna fordra å lage kunst for eit breitt publikum. Den uttalte meininga til Krohg var at kunsten skulle ha ein funksjon utover det å dekorere veggane til borgarskapet, han skulle vere noko «annet en luksus», og ikkje kun «et gourmanderi for de mest raffinerte».

Med dette som utgangspunkt stiller vi spørsmålet: Kva slags motiv opptok Krohg? Bilda hans frå perioden er først og fremst kjende under overskrifter som Skagen-bilda, sjøbilda, portrett, Kristiania-motiv eller tendensmåleri. Men ser vi på verka med eit meir generelt blikk finn vi at særleg tre motivtypar opptok han i 1880- og 90-åra, og at desse er samanfallande med programmet til realismen slik det utfalda seg i både litteratur og bildekunst: arbeidarhelten, familiescener og «den falne kvinne».

Politisk agitasjon – Albertine i politilegens venteværelse

Med romanen og måleriet om den unge, fattige jenta Albertine oppnådde Krohg nettopp å engasjere eit breitt lag av folket. Få norske kunstverk har skapt eit så vidt engasjement. Sentralt i utstillinga er presentasjonen av Albertine i politilegens venteværelse (1885–87) med skisser og dokumentasjonsmateriale frå debatten omkring bildet og boka. Krohg bringa her inn eit dagsaktuelt tema i kunsten med ønske om at publikum skulle la seg gripe og bli engasjerte i saka. Han jobba ut frå overtydinga om at engasjementet og sympatien til folket lettast kunne vekkjast gjennom historia til ei individuell skjebne.

Individet. Mellom sjanger og portrett

I tradisjonell forstand var Krohg figurmålar, og ein stor del av produksjonen hans er portrett. Men portrett på bestilling frå det økonomisk sterke borgarskapet var ikkje hovudvegen hans. For det meste portretterte han eigen omgangskrins; personar som stod for dei same verdiane som han sjøv; vitskapsmenn, kunstnarar og forfattarar. Meir radikalt var det at han med like stor respekt og innsikt skildra individ frå dei lågare samfunnslaga. Dei oversette, det enkle og alminnelege blir gitt ein positiv verdi. Blant hans kvardagsheltar er bybudet, avisgutten, modellen, fiskaren og syjenta. Skiljet mellom sjangermotiv og portrett er diffust hos Krohg. I bilde som Visergutt som drikker kaffeGarnbinderenMåkeplukkeren og Kone som skjærer brød kjem individa tydeleg fram.

Politikk, samfunn og familie

Krohg var politisk engasjert og ein ivrig samfunnsdebattant med store ambisjonar på billedkunsten sine vegner, men han var også ein familiemann med blikk for nære relasjonar. Mest kjent er skildringane hans av familien Gaihede på Skagen, og frå slutten av 1880-åra ser vi det i framstillingar av eigen familie, som til dømes i måleriet I baljen (1889). I familiemotiva fann Krohg allmenne tema som gjekk på tvers av samfunnsgrupper, slik vi ser det i Et farvel (1876), Bestefar vugger (1883), Sovende mor (1883) og Østenfor sol og vestenfor måne (ca. 1887).

Ein realist som grip og rører

Albertine i politilegens venteværelse og Kampen for tilværelsen ønsker Krohg å vekke medlkjensla og sympatien vår. Men dette er eigentleg unntaka i kunstnarskapet. For det er heller ved å framstille ei arbeiderklasse i harmoni med seg sjølv at han skaper identifikasjon med dei lågare samfunnslaga. I samsvar med humanismen som låg til grunn for realismeideologien på 1800-talet, synest individa til Krohg å vere frie og sjølvstendige. Dette optimistiske menneskesynet som prega kunsten hans, aksentueringa av verdigheita og eigenverdien til individet, uavhengig av sosial bakgrunn, gjer Krohg til ein realist som grip og rører – og av og til forargar.

Kurator for utstillinga er Vibeke Waallann Hansen.