Det magiske nord. Finsk og norsk kunst omkring 1900

30. januar 2015–16. mai 2015

Nasjonalgalleriet

Utstillinga viser ein dialog mellom norsk og finsk kunst frå førre hundreårskifte. Ein slik kombinasjon er interessant sett i lys av både politiske og kulturhistoriske parallellar i dei to landa. Ønsket om nasjonal frigjering prega kulturlivet på denne tida, og mange av kunstnarane let seg inspirere av lokale tradisjonar. Samtidig stod symbolismen sterkt i kunstlivet til begge nasjonane. Med utgangspunkt i tema som nordisk mytologi, den eksistensielle sårbarheita til mennesket og fascinasjon for den uberørte naturen, viser utstillinga høgdepunkt frå samlingane til Ateneum og Nasjonalmuseet. 

I Europas periferi

Finland og Noreg vart sjølvstendige nasjonar først i 1917 og 1905, og representerte på slutten av 1800-talet Europas ytterkant. Den geografiske plasseringa langt frå kultursentrum som Düsseldorf, München, Paris og Berlin, i tillegg til det at ingen av landa hadde eigne kunstakademi eller mange visingsstadar for kunst, bidrog til at desse kunstmetropolane vart viktige møteplassar gjennom heile 1800-talet.

Mange av kunstnarane som er med i utstillinga møttest i Paris og Berlin. Akseli Gallen-Kallela og Edvard Munch hadde blant anna ei større utstilling saman i Berlin i 1895. Gallen-Kallela var også ven av den norske målaren Carl Dørnberger. Frå finsk side vart det uttrykt nysgjerrigheit og interesse for kunstnarskapa til både Munch, Munthe, Vigeland, Ibsen og Hamsun.

Det er en «rikdom» av en utstilling, vi snakker ikke om penger – men om dens muligheter til å lære oss at naturen speiler oss. Og kan gi oss tilbake vår åndelige førlighet.

Vårt Land

Nasjonal identitet

Ønsket om nasjonal sjølvstende prega kulturlivet i begge land, og både innan biletkunst, litteratur og musikk let kunstnarane seg inspirere av lokale tradisjonar. Å hente fram urhistoria til landa, og å gi myter, sagn og heltehistorier eit kunstnarisk uttrykk, vart brukt som ledd i styrkinga av den nasjonale identiteten.

Alt som framstod som opprinneleg norsk og finsk, vart famna med stor interesse. Eit fundament i kunsten til begge landa er naturskildringar. For dei fleste av kunstnarane som er representerte i utstillinga stod tolkingar av mennesket i samspel med naturen sentralt.

Kalevala, myter, eventyr og folkekunst

Nasjonaleposet Kalevala var ei hovudkjelde til inspirasjon for kunstlivet i Finland i 1890-åra. Historiene frå denne perioden vart trekte inn i den finske kampen for sjølvstende. To av dei mest ruvande kunstnarane i Finland – målaren Akseli Gallen-Kallela og komponisten Jean Sibelius – som også var nære vener, stod heilt sentralt i arbeidet med å tolke Kalavala-universet kunstnarisk.

I norsk kunsthistorie er det særleg Gerhard Munthe og Theodor Kittelsen som bringer folkekunst og folkelege tradisjonar inn i kunstnerskapa. I arbeida deira blir den nasjonale kulturarven bringa inn i dialog med ideane til den internasjonale symbolismen.

Symbolismen i Noreg og Finland

Symbolismen som åndsretning var på mange måtar ein reaksjon mot det raskt framveksande og kompliserte moderne bylivet. For mange kunstnarar og intellektuelle utløyste denne samfunnsutviklinga ein lengsel etter «det opprinnelege», «det primitive» og «det naturgitte».

I samsvar med blant anna ideane til Paul Gauguin, søkte både finske og norske kunstnarar etter inspirasjon i «det primitive», og for mange av dei nordiske kunstnarane var det å kome frå «utkantstrøk» noko dei såg på som eit privilegium som bidrog til den kunstnariske originaliteten deira. Dette kjem blant anna til uttrykk hos kunstnarar som Theodor Kittelsen og Hugo Simberg.

Natur og eksistens

Dei tematiske likskapane i norsk og finsk kunst frå førre hundreårskifte kan delvis forklarast ut i frå likskapar i dei politiske og geografiske posisjonane til landa. Dette er faktorar som oppmuntra kunstnarane til å ta opp temaa som er nemnde ovanfor.

Men det finst også andre emne som fekk ein sentral plass i kunsten frå denne perioden i begge landa, men som ikkje nødvendigvis kan sjåast i lys av det nasjonale paradigmet. Hos kunstnarar som blant andre Munch, Halonen, Simberg, Vigeland og Thesleff ser vi for eksempel ei bearbeiding av tema som livssyklusen til mennesket, relasjonen mellom mennesket og natur, død, kjærleik og pubertet. Dette er universelle tema som stod sentralt på den europeiske kunstscena og vart manifestert på ei rekke måtar i kunsten i perioden. Den norske og finske kunsten bør difor ikkje kun sjåast i lys av det lokale, men først og fremst forståast i ein breiare europeisk samanheng, som originale og interessante variantar av den europeiske symbolismen.

Utstillinga er delt inn i seks tema:

Kunstnerportretter: Den innsiktsfulle kunstneren

Eksistensiell sårbarhet

Fabuleringer: fantasi og mytologi

Folkets kultur og tradisjoner

Nasjonal mytologioghistorie

Landskap og identitet

Kunstnarar:

Akseli Gallen-Kallela, Helene Schjerfbeck, Magnus Enckell, Hugo Simberg, Ellen Thesleff, Pekka Halonen, Elin Danielson-Gambogi, Vainö Blomstedt, Edvard Munch, Harald Sohlberg, Gustav Vigeland, Christian Skredsvig, Theodor Kittelsen, Halfdan Egedius, Oluf Wold-Torne, Thorvald Erichsen, Nikolai Astrup, Lars Jorde, Helene Vosgraff, Beda Stjernschantz, Joseph Alanen, Eero Järnefelt, Felix Nylund, Torleiv Stadskleiv og Gerhard Munthe.

 

Utvalgt litteratur i biblioteket

Relevante publikasjoner


Sted: Nasjonalgalleriet

Adresse: Universitetsgata 13

Utstillingen er et samarbeid mellom Nasjonalmuseet i Oslo og Finlands nasjonalgalleri Ateneum i Helsinki. Etter utstillingsperioden i Oslo går den videre til Ateneum.

 

 

Omtale:

Vi tar gjerne imot tilbakemeldinger. Gi din kommentar på Twitter eller Facebook.   


Utstillinger 45 58 ./9Swp1O1a.ips no/utstillinger_og_aktiviteter/utstillinger/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#exhibitions 2

Arrangementer