Kopi av ErikWerenskiold-Enbondebegravelse.jpg
Erik Werenskiold, En bondebegravelse, 1885. Foto: Nasjonalmuseet / Jacques Lathion

Erik Werenskiold 1855–1938

10. juni 2011–11. september 2011

Nasjonalgalleriet

Erik Werenskiold (1855–1938) er ein ruvande klassikar i norsk kunst. Måleri som Fra Telemark (1883) og En bondebegravelse (1885) står som sentrale haldepunkt i landets visuelle hukommelse og kulturelle identitet, noko som også gjeld for bokillustrasjonene hans til Asbjørnsen og Moes norske folkeeventyr og dei mange portretta av kjende personlegdomar.

Omfattande verksemd

Verksemda til Werenskiold var svært omfattande. Ho gjekk i ulike retningar og strekte seg over nærare seksti år. I 1880-åra stod han sentralt i kunstnarane sin kamp for auka sjølvstyring og i etableringa av Høstutstillingen. Werenskiold var ein viktig formidlar av moderne kunst, og bilda hans vitnar om ein stadig vilje til å følgje med i tida og ta inn over seg nye taktslag.

Mangetydig kunstnarskap

Utstillinga søkjer å undersøke nærare det mangetydige ved Werenskiold sitt kunstnarskap og sjå på dei viktigaste nedslagsfelta i bilda hans og utviklinga dei går gjennom. Frå 1870-åras historiserande figurmåleri og 1880-åras måleriske naturalisme, fram til 1890-åras stemningsbaserte verk og hundreårskiftets dekorative flatekunst. Og derfrå mot hans seinare periode prega av ei sterk interesse for Paul Cézanne, 1920-åra si nye saklegheit og 1930-åras sosialt engasjerte tendenskunst.

Det blir utarbeidd ein katalog med faglege essays i tilknyting til utstillinga.

Kurator for utstillinga er Øystein Ustvedt.