Nasjonalmuseet har ansvaret for å utvikle, forvalte, forske på, tilgjengeliggjøre og formidle Norges største samling av kunst, arkitektur og design.

Museet viser faste utstillingar med verk frå eiga samling og skiftande utstillingar med innlånte og eigne verk. Museet sine visingsstader i Oslo er Nasjonalmuseet, Nasjonalmuseet – Arkitektur og Villa Stenersen

Nasjonalgalleriet stengte midlertidig 13. januar 2019Kunstindustrimuseet stengte 16. oktober 2016. Museet for samtidskunst stengte 3. september 2017. Utstillingsprogrammet omfattar også vandreutstillingar i inn- og utland.

Noregs første offentlege kunstmuseum heitte Nationalmuseet då det vart oppretta i 1837. Deretter heitte det i ei kort periode Den norske stats sentralmuseum for billedkunst, før det fekk namnet Nasjonalgalleriet. Samanslåinga av Nasjonalgalleriet, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst i 2003 gav namnet Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Det nye namnet fortel om eit utvida virkefelt og peikar samtidig tilbake til starten.

Etablering

Det første konstituerande styremøtet i Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design vart halde 11. februar 2003. 1. juli same år vart museet etablert som stifting. Med dette var samanslåinga av Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet, Museet for samtidskunst og Nasjonalgalleriet eit faktum, og arbeidet med å restrukturere Nasjonalmuseet frå fire enkeltståande museumseiningar til éin funksjonsdelt organisasjon starta. I 2005 flytta Nasjonalmuseet sin stab til nytt administrasjonsbygg i Kristian Augusts gate 23, og 1. juli 2005 vart Riksutstillingar overført til museet.

Utstillingar

Museet viser ei rekkje utstillinger med presentasjon av norsk og utanlandsk kunst, arkitektur og design, både i museumsbygningane i Oslo, i resten av Noreg gjennom eit landsdekkande program og i utlandet. 

Museets mål er:

Å gjere kunsten tilgjengeleg for alle - og kvar enkelt.
Museet skal reflektere samfunnet og tida vi lever i.

Det nye Nasjonalmuseet

Det nye Nasjonalmuset opna i Oslo 11. juni 2022. Det nye museet er ein stad for nye idear, inspirasjon og store kulturopplevingar. Store nye utstillingsareal gjer at Nasjonalmuseet kan vise fram meir av samlinga enn nokon gong før.

I den nye samlingsutstillinga kjem eldre og moderne kunst, arkitektur, design, kunsthåndverk og samtidskunst presenterast under same tak og i nye samanhenger. 

Arkitektkonkurransen om den nye museumsbygningen vart vunnen av Kleihues + Schuwerk med prosjektet forum artis. 

Har du spørsmål om Nasjonalmuseet?

info@nasjonalmuseet.no
(+47) 21 98 20 00

Åpningstider for resepsjonen, per e-post og telefon
Ordinær tid: 08.30–16.00
15. mai–15. september: 09.00–15.00
Hele juli: 09.30–14.00
23. desember–4 januar: Stengt

Ofte stilte spørsmål

Meld deg på vårt nyhetsbrev