Kopi av Hydepunkter-TidemandogGudeBrudeferdiHardanger1848_FotoBrreHstland.jpg
Hans Gude & Adolph Tidemand, «Brudeferd i Hardanger», 1848. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Høydepunkter fra samlingen

13. juni 2013–13. oktober 2013

Nasjonalgalleriet

Parallelt med jubileumsutstillinga Munch 150 vil eit konsentrert utval frå den permanente samlinga bli stilt ut i 1. etasje i Nasjonalgalleriet.

Tyngdepunktet i samlinga er norsk kunst frå 1800- og 1900-talet, og i tillegg til eit utval norske måleri viser vi dei viktigaste verka frå den franske samlinga til museet.

Presentasjonen gir høve til å sjå bilde av kjende norske kunstnarar som J. C. DahlThomas FearnleyHarriet BackerChristian KrohgLudvig Karsten og Rolf Nesch, i tillegg til franske meistrar som Claude MonetEdouard Manet og Paul Cézanne.