Kunst 3. Verk frå samlinga 1814–1950

17. mars 2007–6. mars 2011

Nasjonalgalleriet

Vi inviterer til ei vandring gjennom nærare 150 år av utviklinga til den norske kunsten, frå romantikkens sublime landskapsoppfatning til det oppsplitta verdsbiletet i vår nære fortid, frå J.C. Dahl til Arne Ekeland. Monteringa følgjer i hovudsak historisk-kronologiske prinsipp, men gir også rom for spesielle tema, som tidleg norsk portrettkunst, nasjonalromantikkens folkelivsskildringar og nyromantikkens stilkunst rundt 1900.

Nasjonalmuseets presentasjon av historiske verk viser høgdepunkt i samlinga og nasjonale ikon. I museets 2. etasje inneheld sørfløya 1800-talskunst og nordfløya 1900-talskunst fram til 1950. I Munch-salen kan publikum mellom anna sjå dei verdskjende verka Skrik og Madonna. I Langaard-salen blir renessanse- og barokkunst presentert, og i Venners sal museets utsøkte samling av fransk 1800-talskunst. Utstillinga omfattar verk av J.C. Dahl, Thomas Fearnley, Hans Gude, Johan Fredrik Eckersberg, Lars Hertervig, Christian Krohg, Frits Thaulow, Erik Werenskiold, Eilif Peterssen, Harriet Backer, Kitty Kielland, Nikolai Astrup, Ludvig Karsten, Henrik Sørensen, Arne Ekeland m.fl., og inkluderer også mange skulpturarbeid.

Kurator for utstillinga er Nils Messel.