Kunst 4. Verk frå samlinga 1950–2007

12. mai 2007–12. april 2009

Nasjonalgalleriet

Utstillinga presenterer eit utval av norsk og utanlandsk kunst, og inviterer til møte med – og mellom – ei rekke både velkjende og nye kunstverk frå samlinga. Utstillinga er delt inn i fire soner. Kvar sone tek utgangspunkt i eit sett sentrale kunstnarlege strategiar i ettekrigstidas kunsthistorie. Kunstnarlege idear blir resirkulerte og vidareutvikla, og nye generasjonar gir nye vinklingar.

Utstillinga er bygd opp med tanke på å vise den kontinuerlege dialogen kunstverk imellom. I museets 2. etasje får publikum mellom anna sjå verk av Inger Sitter, Per Kleiva, Jan Groth, John Baldessari, Irma Salo Jæger, Tone Vigeland, Løvaas & Wagle, Tony Cragg, Per Inge Bjørlo, Kjell Bjørgeengen, Berit Soot Kløvig, Heidi Skjerve, Leo Copers, Børre Larsen, Anna-Eva Bergman, Jon Gundersen og Marianne Bratteli.

Kurator for utstillinga er Vibeke Waallann Hansen.