Mette Tronvoll. Portretter av Dronning Sonja

19. mars 2014–8. juni 2014

Nasjonalgalleriet

Kongelege portrett er eit av dei eldste motiva i kunsten.

Somaren 2013 hadde den internasjonalt anerkjende norske fotokunstnaren Mette Tronvoll ein unik fotosession med Dronning Sonja. Resultatet av møtet er ein serie portrett som viser ei uformell dronning på svaberget ved Verdens Ende.

Fotografia viser eit kystlandskap, med svaberg, blå himmel og sjø som bakgrunn. Desse portretta skil seg frå fotografia vi vanlegvis ser av Dronning Sonja, som gjerne er fotografi tatt under offisielle oppdrag. Her derimot er ho fotografert individuelt mot landskapet.

Det handlar ikkje om å vise kongelege attributtar eller synlege kjenneteikn på hennar rolle som dronning. Tronvoll har derimot lagt vekt på dronninga sitt personlege forhold til naturen. Ho er plassert sittande på svaberget og ståande ved sjøkanten, med blikket retta mot sola eller skuande ut mot havlandskapet.