Painting Canada: Tom Thomson and The Group of Seven

27. januar 2012–13. mai 2012

Nasjonalgalleriet

Utstillinga viser kunst frå dei viktigaste pionerane innan kanadisk landskapsmåleri frå første del av det 20. hundreåret.

Kjærleiken målarane hadde til fedrelandet inspirerte dei til å utforske villmarka i nasjonalparkane i Canada. Etableringa av The Group of Seven vart utgangspunktet for den kanadiske modernismen. I Canada følte ein eit nært slektskap med «draumen om det nordiske», og dei forenkla motiva og det modernistiske formspråket til kanadiske landskapsmålarar viser tydeleg innverknad frå nordiske målarar. Med 120 måleri frå leiande kanadiske museum og samlingar gir utstillinga eit representativt innblikk i dette avgjerande kapittelet i kanadisk modernisme.

Utstillinga er organisert av the National Gallery of Canada, Ottawa, og the Dulwich Picture Gallery, London, i samarbeid med Nasjonalmuseet.

Kurator for utstillinga i Nasjonalmuseet er Frode Haverkamp.