Åpning Pepperkakehus 2006-04.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Knut Øystein Nerdrum

Peparkakehus 2006

15. desember 2006–7. januar 2007

Nasjonalgalleriet

Nasjonalmuseet inviterer til peparkakehuskonkurranse. Tema for konkurransen i år er "drømmehytta". Resultata blir presentert i ei utstilling i atelieret i Nasjonalgalleriet.

Peparkakehyttene skal lagast i målestokk 1:50. Minst 80% av modellane skal vere laga i peparkakedeig eller eit anna etande materiale. Skuleklasser får i forkant av konkurransen tilbod om gratis kurs i modellbygging. Kurset inkluderer eit besøk i utstillinga «Samtidsarkitektur 2000–2005» der konkurransedeltakarane kan hente verdifull inspirasjon.

Tre grupper premierast:
– born t.o.m. 7. klasse
– ungdom t.o.m. vidaregåande skule
– alle andre menneske som bakar

Påmelding til konkurransen innan 24. november.