Pepperkakehus 2007.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Peparkakehus 2007

13. desember 2007–6. januar 2008

Nasjonalgalleriet

Nasjonalmuseet inviterer til peparkakehuskonkurranse. Tema for konkurransen i år er "kiosk". Resultata vil presenterast i ei utstilling i atelieret i Nasjonalgalleriet.

Peparkakekioskane skal lagast i målestokk. Minst 80 % av modellane skal vere laga i pepperkakedeig eller eit anna etande materiale. Skuleklasser kan bestille arkitekturkurs knytt til konkurransen. Kurset inneheld arkitekturverkstad og vandring langs Karl Johans gate. På vandringa studerer vi fire arkitektteikna kioskar som er skapt i ulike periodar i løpet av dei siste hundre åra. I arkitekturverkstaden arbeider elevane med form, målestokk og byggjer modellar i papir og plast. Dette vil vere ei god erfaring når elevane seinare skal lage modell til konkurranseforslaget sitt. Kurset varer i to skuletimar.

Tre grupper premierast:
– born t.o.m. 7. klasse
– ungdom t.o.m. vidaregåande skule
– alle andre menneske som bakar

Påmelding til konkurransen innan 23. november 2007.