Rineke Dijkstra

11. oktober 2012–20. januar 2013

Nasjonalgalleriet

Rineke Dijkstra (f. 1959, Nederland)

I prosjektrommet i Nasjonalgalleriet viser vi kunst som kommenterer, stiller spørsmål om eller fordjupar seg i verk frå samlinga til museet.

I Rineke Dijkstra sin videoinnstallasjon I see a Woman Crying (Weeping Woman) blir vi presenterte for eit kunstnarskap som har fått stor betydning for samtidskunsten. Videoen skildrer born sitt møte med kunst. Gjennom personlege skildringar får vi innblikk i den verda borna kjem frå og er ein del av, forventningar og førestellingar om livet. Dijkstra sin kunst leier oss inn i ein kompleksitet av spørsmål om identitet og tankar om det å vere menneske.

Kurator for utstillinga er Anna Carin Hedberg.