Kopi av Rubens-vanDyckKekropsdtre.jpg
Jacob Jordaens, Kekrops døtre finner slangebarnet Erechtonius, 1617. Foto: © Royal Museum of Fine Arts Antwerp © Lukas Arts in Flanders vzw

Rubens – van Dyck – Jordaens. Barokk frå Antwerpen

11. februar 2011–22. mai 2011

Nasjonalgalleriet

Store mønstringar av barokkunst frå Nederlanda har ikkje vore vist i Oslo sidan 1950-åra. Denne utstillinga byggjer på ny forsking innan flamsk barokkmåleri.

Bilda representerer ulike tema og sjangrar: motreformasjonens bildeverd, mytologiske og allegoriske motiv, portrettkunst frå Antwerpen, stilleben, motiv frå kvardagslivet og frå by, land og hav. Utvalet av kunstnarar er knytt til Nasjonalmuseets eiga samling av flamsk kunst.

Eit sentralt verk i utstillinga er Jacob Jordaens storslagne allegoribilde over Westfaler-freden frå 1654, bildet vart gitt som gåve til Nasjonalgalleriet i 1875. I tillegg til Rubens, van Dyck og Jordaens blir 15 andre meistrar presenterte, deriblant Jan Breughel d.e., Jan Fijt, Theodor Rombouts og Frans Snijders.

Utstillinga er produsert av Bucerius Kunst Forum, Hamburg, med verk frå Koninklijk Museum voor Schone Kunsten, Antwerpen, i samarbeid med Nasjonalmuseet.

Kurator for utstillinga er Frode Haverkamp.