Samle sammen. Innkjøp og gaver 2003-2006-14.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Knut Øystein Nerdrum

Samle saman. Innkjøp og gåver 2003–2006

2. september 2006–2. januar 2007

Nasjonalgalleriet 02.09.06–02.01.2007
Kunstindustrimuseet 02.09.06-04.02.2007

Nasjonalmuseet ynskjer å vise fram verk som har kome til samlinga etter at det nye museet vart stifta i 2003. Museet har ein eigen innkjøpskomité som gjer vedtak om innkjøp av nye verk og gåver basert på forslag internt og eksternt. Komiteen er samansett av museets fagfolk frå områda kunst, arkitektur, design og kunsthandverk. Utstillinga skal reflektere alle desse områda.

Ei kuratorgruppe med representantar frå Nasjonalmuseet har i fellesskap utarbeida «Samle saman». Utstillinga skal gi publikum eit innblikk i breidda og mangfaldet i fagområda som Nasjonalmuseet no er ansvarleg for. Utvalet av det som museet har samla i perioden 2003–2006 er montert ut frå eit hovudprinsipp om å få vist så mykje som muleg innanfor utstillingsromma sine rammer.

Utstillinga blir presentert i to av museumsbygga våre, og for å danne seg eit heilhetleg bilde av innkjøpa på dei ulike områda, må publikum oppsøke både Kunstindustrimuseet og Nasjonalgalleriet.

I Kunstindustrimuseet visast kunsthandverk, design, arkitektur, eldre og nyare bildekunst. I Nasjonalgalleriet er hovudvekta lagt på eldre og nyare bildekunst.

«Samle saman» er eit resultat av samlingsarbeidet i museet og vitnar om eit fruktbart samarbeid mellom alle musea sine profesjonar.

Det arbeidast også med ein bestandskatalog i forbindelse med utstillinga.

Prosjektleiar: Randi Godø

Kuratorar: Birgitte Sauge, Inger Helene Stemshaug, Øystein Ustvedt, Vibeke Waallann Hansen, Ellen Lerberg og Eva Gran.