TC8.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet

Tacita Dean

11. mars 2006–14. mai 2006

Nasjonalgalleriet

I dei seinare åra har Tacita Dean hatt ei rekkje store separatutstillingar, og ho var deltakar på dei to siste Venezia-biennalane i 2003 og 2005. Dean arbeider innanfor eit breitt spekter av teknikkar: teikning, fotografi, film, Internettsider, lyd, installasjonar og tekstar. Installasjonane er bygd opp i faste strukturar, der enkelte verk relaterast til andre. På ein finurleg, sofistikert måte er desse forbunde med kvarandre. Når verka presenterast kan omfanget av enkeltverk i ein struktur variere, noko som skaper fleksibilitet og dynamisme i forhold til visningsstadane.

Tacita Deans eigne tekstar er ei viktig ramme om verka. Tekstane er bunde opp mot det enkelte verket, men står også sjølvstendig. Tekstmaterialet presenterast gjerne i bokform som eit ledd i utstillingsprosjektet. Verka fungerer difor på fleire plan. Utan tekst framstår arbeida som meir opne i fortolkinga, med tekst bindast verka saman til eit heile.

Kompleks kunstnarisk produksjon
Det som er fascinerande hos Tacita Dean er det komplekse nettverket ho held fast i gjennom heile sin kunstnariske produksjon. I likskap med mange andre samtidskunstnarar trekk ho ikkje vekslar på berre ei periode eller ein sjanger innan kunsten. Hennar konseptuelle grep materialiserast i eit breitt felt frå moderne teknologi; som film og fotografi, og nyare teknologi som video, cd og Internett; til teikning og skulptur, med basismateriale som krittavle, alabast og papir, til reine tekniske installasjonar.

Kurator for utstillinga er Eva Klerck Gange.