NG.M.00863
Theodor Kittelsen, «Nøkken», 1904. Foto: Nasjonalmuseet / Jacques Lathion

Theodor Kittelsen

27. oktober 2007–6. januar 2008

Nasjonalgalleriet

I år er det 150 år sidan Theodor Kittelsen vart fødd, og i dette høvet vil Nasjonalmuseet vise høgdepunkt frå si rikhaldige samling av kunstnarens arbeid på papir. I tillegg til eit utval frå Kittelsens mest kjende seriar, "Fra Lofoten", "Trollskap", "Jomfruland" og "Svartedauen", vil utstillinga omfatte nokon av hans finaste eventyrteikningar, som på grunn av sin skjøre bevaringstilstand svært sjeldan blir vist.