Álvaro Siza Vieira. Visions of the Alhambra

5. mai 2015–16. mai 2015

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Utstillinga presenterer prosjektet «New Gate of the Alhambra», teikna av den verdskjende portugisiske arkitekten Álvaro Siza Vieira i samarbeid med den spanske arkitekten Juan Domingo Santos.

Dette prosjektet vann den internasjonale idékonkurransen «Atrium of the Alhambra» i 2010. Alhambra i Granada er eit av dei viktigaste av UNESCO World Heritage-anlegga og representerer ei tidsperiode med respekt for mangfald, pluralisme og sameksistens av islamsk og kristen kultur.

Det portugisiske statsbesøket gir oss høve til å presentere denne utstillinga som viser eit fascinerande samspel mellom arkitekturen til Siza og Alhambras vakre bygningar og hageanlegg.