20 under 40. Ung norsk arkitektur 2004-33.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

20 under 40. Ung norsk arkitektur 2004

14. oktober 2004–19. desember 2004

Arkitekturmuseet

Kva er dei nye trendane i norsk arkitektur? Kva former og materialar pregar dagens arkitektur? Kva står dei nye norske arkitektane for, og korleis arbeider dei? Med utstillinga «20 under 40. Ung norsk arkitektur 2004» ønskjer museet å gi svar på desse spørsmåla og dermed gi ein forsmak på framtidas norske arkitektur. Utstillinga gir eit breitt og sammensett bilde av ung arkitektur i Noreg i dag.

Ei rekkje unge talent vart presenterte gjennom prosjekt prega av til dels utradisjonelle løysingar og nytenking både i formgjeving og materialbruk. Mange av dei unge arkitektane arbeider i grenseland mellom kunst og arkitektur, og det tverrfaglege blir framheva i utstillinga.

Spennvidda i prosjekta som visast er stor, frå minihytter ved Hardangerfjorden via lysorgel på Nydalen T-banestasjon, skatehall i Bærum og til byplanprosjekt i Riga. Prosjekta blir presenterte gjennom blant anna skisser, tekstar, teikningar, modellar, fotografi, film, materialprøver og rominstallasjonar. Utstillinga viser både realiserte og urealiserte prosjekt. Dei 20 deltakarane som blir presenterte er svært ulike, både i arkitekturen dei produserer og i måten dei arbeider på.

Ein viktig del av utstillinga er ein film med opptak frå kvart enkelt kontor. Han formidla miljøet, viste glimt frå nokre av prosjekta, og ein arkitekt frå kvar stad uttalte seg om sine og kontorets tankar om faget.