8 × Made in China. Ny kinesisk arkitektur

4. februar 2011–10. april 2011

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Dei siste to tiåra har Kinas økonomiske utvikling endra landet drastisk. Dette har resultert i ein gigantisk byggeboom som gjer at kinesisk arkitekturmarknad i dag blir rekna som det mest dynamiske i verda.

Utstillinga viser nye tendensar innan kinesisk samtidsarkitektur og presenterer åtte kinesiske arkitektkontor. Grunnleggarane av desse kontora er unge arkitektar. Dei fleste av dei har studert i utlandet og har globale nettverk. Kontora hevdar seg i internasjonale arkitektkonkurransar med arbeid som klart skil seg frå prosjekta som dei store statlege «arkitekturfabrikkane» produserer.

Vandreutstillinga er produsert av Deutsches Architekturmuseum (DAM) i Frankfurt og blir presentert i samarbeid med Nasjonalmuseet.

Se det kinesiske nyhetsbyrået Xinhua News Agencys tv-innslag om utstillingen.