A Matter of Art – samtidsarkitektur frå Sveits

21. november 2003–21. desember 2003

Arkitekturmuseet

Utstillinga presenterer eit snitt av sveitsisk samtidsarkitektur ved 16 utvalde arkitekturobjekter reist frå 1997 til 2000. Ti sveitsiske arkitektteam stod bak prosjekta, m.a. Diener & Diener, Herzog & de Meuron, Peter Märkli og Peter Zumthor. Utstillinga viser også den yngre generasjonen sveitsiske avantgardistar, som Valentin Bearth og Andrea Deplazes, Valerio Olgiatti og Christian Kerez. Desse arkitektane har ein felles bakgrunn frå 1980-talets "Analoge Arhitektur" – ei rørsle utvikla omkring den tsjekkisk-sveitsiske arkitekten Miroslav Sik. Dagens analoge arkitektur er videreutvikla til ein søken etter eit rent kunstnarisk uttrykk.