APEX – De egyptiske pyramidenes anatomi

14. august 2011–6. november 2011

Nasjonalmuseet – Arkitektur

I fleire tusen år har vitskapsfolk frå heile verda forsøkt å forstå korleis egyptarane kunne oppføre dei gigantiske pyramidane. I utstillinga viser NTNU-forskar Ole Jørgen Bryn korleis planleggingsfasen kan gi svar på nokre av desse spørsmåla.

Gjennom teikningar, fotografi og modellar viser utstillinga korleis det var muleg å treffe det siste og høgste punktet på pyramiden, Apex-punktet, med imponerande grad av presisjon. Bryn fører bevis for at egyptarane frå oldtida fann opp moderne prosjektering slik vi kjenner dette frå ingeniør- og arkitektfaget i dag.

Utstillinga er eit samarbeid mellom Ole Jørgen Bryn, NTNU og Nasjonalmuseet.