Arkitekturmuseet 05.jpg
Fra utstillingen. Foto: Nasjonalmuseet / Andreas Harvik

Arkitektur som infrastruktur

24. januar 2009–8. februar 2009

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Modellar frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo ved Studio B3

Utstillinga viser studentarbeid der studentane si oppgåve har vore å skape ein romleg infrastruktur, ein underliggande struktur for å kunne ta imot valde naturfenomen som til dømes regn, snø, tåke, og urbane fenomen som interaksjon, isolasjon m.m. Infrastrukturen sine romlege eigenskapar skulle utreiast og utviklast på ein måte som gjorde den i stand til å ta imot ein arkitekturdiskusjon der kvar student valde sitt eige tema innan omgrepsparet natur/kultur.

Infrastrukturen har ikkje søkt mot etablerte program som flyplass, togstasjon, ferjeterminal o.l., men har fokusert på ei avklaring av sitt romlege samspel mellom dei valde begrepa.

Utstillinga viser delar av kursets modellproduksjon gjennom to semester, og uttrykkjer masterstudentane si haldning til kva ein romleg infrastruktur kan vere. Arbeida indikerer eit nytt innhald mot ein breiare økologisk arkitekturdiskusjon.

Modellarbeida komplimenterast med studentane sine tekstar, refleksjonar som på ein personleg måte viser til arkitekturfagets reelle utfordringar.

Studio B3: Per Olaf Fjeld, Lisbeth Funck, Rolf Gerstlauer