Arne Henriksen. På sporet av ein arkitektur

16. januar 2010–7. mars 2010

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Som ung reiste Arne Henriksen til Frankrike for å utdanne seg til ingeniør. Han vart imidlertid arkitekt og den store fornyaren av norsk jernbanearkitektur – ein innsats som har blitt påskjøna med mange internasjonale og norske prisar.

Henriksen har vore professor ved Arkitekthøgskolen i Oslo og har ein allsidig praksis som spenner frå gigantiske byggverk, som Norges Varemesse på Lillestrøm, til einebustader og hytter. Utstillinga visast i "Hvelvet" og omfattar arbeidsteikningar til fire av Henriksens stasjonar og glimt frå ei bok som vil bli publisert i mars.

Kurator for utstillinga er Ulf Grønvold.