Best i Europa! EU-prisen for samtidsarkitektur. Mies van der Rohe Award 2003

22. januar 2005–13. mars 2005

Arkitekturmuseet

Den prestisjetunge prisen gjekk i 2003 til ZAHA HADID. Vinnerprosjektet var ein stasjon med parkeringsanlegg; Car Park and Terminus, i utkanten av Strasbourg i Frankrike. Hadid konkurrerte med 40 andre finalistar, blant dei Jensen & Skodvin Arkitektkontor med Mortensrud kirke i Oslo. Spesialprisen til ein særleg lovande arkitekt gjekk til Jürgen Mayer for hans multifunksjonelle rådhusbygning i Ostfildern i Tyskland.

Utstillinga
i Arkitekturmuseet viser konkurransens finaleprosjekt – gjennom ein brei presentasjon med plansjar, modellar og videoar. Det er lagt særleg vekt på vinnarprosjektet, som presenterast gjennom ein eigen video. Zaha Hadid har lenge tilhøyrt arkitektane sin verdselite, med ei rekkje sentrale internasjonale oppdrag bak seg. I 2004 mottok ho Pritzker arkitekturpris.

Zaha Hadids vinnarprosjekt
Bakgrunnen for prosjektet i Strasbourg er at byen har utvikla eit nytt konsept i kampen mot forureininga i bykjernen. Folk blir oppmoda til å parkere bilane på spesielt utforma parkeringsplassar i utkanten, og deretter bruke trikken det siste stykket inn til byen. Hadid har utforma ein av stasjonane med tilhøyrande parkeringsplass for 700 bilar. Hovudideen består i å la felt og linjer overlappe kvarandre og knyttast saman for å skape ein heilskap i stadig forvandling. Felta er mønster baserte på rørslene til bilane, trikkane, syklane og fotgjengarane. Linjene sitt spel held fram i betongkonstruksjonens flukt og som lyslinjer i taker og på bakken. Slik blir eit dynamisk og attraktivt trafikkknutepunkt danna, med klar definering av funksjon og bevegelse.

Utstillinga er ei vandreutstilling produsert av Fundacó Mies van der Rohe Barcelona, og støtta av EUs program Kultur 2000.
Utstillingsansvarleg i Nasjonalmuseet er Eva Madshus.