Brytningar. Norsk arkitektur 1945–65

14. november 2010–3. april 2011

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Utstillinga belyser underkommuniserte aspekt ved etterkrigsmodernismen innan norsk arkitektur og nyanserer tidlegare fremstillingar. Det leggjast vekt på korleis brytningar av motstridande arkitektoniske retningar voks fram mellom ulike generasjonar og miljø og korleis internasjonale impulsar påverka utviklinga.

Brytningane kan spesielt sjåast i arkitekturens forhold til historia, landskapet og eksperimentering med materiale og rom. Sentrale arkitektar er Magnus Poulsson, Knut Knutsen, Erling Viksjø, Sverre Fehn, Geir Grung og Christian Norberg-Schulz. Utstillinga er basert på museet si samling av arkitektarkiv. Prosjektet er eit samarbeid med IFIKK / Universitetet i Oslo.

Kurator for utstillinga er Bente Solbakken