Byggekunst. Arkitektursamlingen fra 1830 til i dag

Nasjonalmuseet – Arkitektur
Fast utstilling

Korleis har tenkinga omkring arkitektur utvikla seg dei siste to hundre åra? Og korleis har arbeidsmetodane og uttrykksformene til arkitektane prega og endra den arkitektoniske kulturen og historia?

Med materiale etter sentrale arkitektar som Henrik Bull, Sverre Fehn, Harald Hals, Jan & Jon, Arne Korsmo, Magnus Poulsson, Snøhetta og Erling Viksjø set den nye faste arkitekturutstillinga i Nasjonalmuseet søkelys på idear som kjernen i all arkitektur.

Utstillinga presenterer eit utval arkitektoniske idear frå 1830-åra og fram til i dag. Materialet er henta frå samlinga til Nasjonalmuseet, som rommar over 300 000 teikningar og gjenstandar. Nokre av dei utstilte arbeida er ein del av det norske bygningslandskapet, medan andre aldri forlét teiknebordet til arkitekten.

Teikningane og modellane i utstillinga viser korleis arkitektoniske stilar har endra seg gjennom historia. Dei viser også korleis eigenarten deira har forandra seg over tid. Ulike teknikkar og materiale reflekterer den teknologiske utviklinga og dei skiftande haldningane, tenkemåtane og tilnærmingane til arkitektane.

Spektakulær dronefilm

I utstillinga kan du sjå filmen Six Moments. Architecture in Norway 1838–2011 som viser høgdepunkt innan norsk arkitektur.
Filmen er laga av Lightsource Film Productions.

Nasjonalmuseet – Arkitektur

Adresse: Bankplassen 3

Bestill privat omvisning

Eit idéarkiv frå 1900-talet lever vidare

Eit viktig element i utstillinga er inspirasjonskista til arkitektkontoret Bjercke og Eliassen (1914–60). Kista inneheld meir enn 1 600 postkort, grafiske trykk og fotografi frå Noreg, Skandinavia og Europa. Nokre har arkitektene samla sjølve, andre fekk dei tilsendt frå vener og kollegaer.

Kista inngår i ein interaktiv installasjon der publikums eigne bilde, delt via Instagram, blir vist saman med delar av inspirasjonsmaterialet til arkitektane. På denne måten vil fotografia til publikum sette det historiske materialet inn i nye samanhengar, og bidra til at innhaldet i kista lever vidare.

Kontakt:

Utstillingskurator: Jérémie McGowan
Formidlingskuratorar: Eli Solsrud / Anne Qvale
Prosjektleiar: Nina Frang Høyum

Medieomtale:

Undervisning og omvisninger

Utstillinger 45 58 ./9Swp1O1a.ips no/utstillinger_og_aktiviteter/utstillinger/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#exhibitions 2

Arrangementer